News
Startar opp att drifta ved Brødrene Aa
Summa Defence Plc har inngått ein intensjonsavtale med Brødrene Aa Eiendom AS om å starte opp att drifta ved Brødrene Aa sitt verft i Hyen.
Brødrene Aa-verftet, velkjent for design og bygging av hurtigbåtar i karbonfiber, gjekk konkurs tidlegare i år etter at tre fartøy under bygging vart kansellerte. Partane planlegg å etablere eit nytt selskap og starte opp att drifta innan slutten av september, ved gradvis å ta inn att tidlegare tilsette for å fullføre prosjekta som var i gang ved verftet og skape ny verksemd.
STORE MOGLEGHEITER
– Vi ser store moglegheiter ved å tre inn med majoriteten av aksjane i det nye selskapet, noko som vil tilføre Summa-konsernet karbonfiberkompetanse, i tillegg til den eksisterande kapasitet vi har innan aluminium og stål. Dette vil styrkje posisjonen vår i skipsbyggingsmarknaden og auke potensialet vårt for skipsbygging til forsvaret. Summa Defence eig frå før to verft i Finland og synergiane mellom Brødrene Aa og desse verfta vil vere viktige, seier konsernsjef i Summa Defence Plc, Jussi Holopainen.
SERIØS INDUSTRIELL INVESTOR
– Vi er glade for å ha funne ein seriøs industriell investor i Summa Defence. Summa Defence vil med dei andre verfta sine tilføre både kapital og kompetanse i den nye drifta og styrkje kapasiteten ved verftet i Hyen, seier Gustav Johan Nydal, representant for Brødrene Aa Eiendom.
Design- og ingeniørselskapet Paradis Nautica er òg ein del av oppkjøpet, noko som vil bidra til å styrke Summa-konsernet sine design- og utviklingsressursar ytterlegare.
Om Summa Defence
- Summa Defence Plc er eit finsk forsvars- og tryggingsteknologikonsern som bidreg til industriell vekst og styrking av produksjonskapasitet i ei tid med geopolitisk uro.
- Summa Defence har særleg fokus på teknologiar innan forsyningstryggleik, situasjonsforståing, mobilitet og forsvar.
- Desse kjem både sivil-, tryggleik- og forsvarssektorane til gode, samstundes som det styrkjer totalforsvaret, forsyningstryggleiken og krisehandteringsevna.
Related articles
-
Intensjonsavtaler med to skipsverft
20.08.2025 -
-
Rem Offshore kontraherer fremtidens fartøy
21.03.2024 -
Umoe Mandal vinner fregatt-kontrakt
31.01.2023 -
Verftene vil bygge for Sjøforsvaret
04.04.2022 -
Kleven får kroatisk eigar
20.01.2020 -
Inngår FoU-samarbeid for grønnere skip
01.07.2019 -
Kleven med intensjonsavtale
20.11.2017 -
Intensjonsavtale for Farstads nybygg
23.02.2015 -
Solstad bekrefter avtale med Vard
10.06.2014