Startar opp att drifta ved Brødrene Aa

Publisert: 27.08.2025
hyen.jpg
<p>Brødrene Aa-verftet, velkjent for design og bygging av hurtigbåtar i karbonfiber, gjekk konkurs tidlegare i år etter at tre fartøy under bygging vart kansellerte. Foto: Brødrene Aa</p> <p>&nbsp;</p>

Summa Defence Plc har inngått ein intensjonsavtale med Brødrene Aa Eiendom AS om å starte opp att drifta ved Brødrene Aa sitt verft i Hyen.

Brødrene Aa-verftet, velkjent for design og bygging av hurtigbåtar i karbonfiber, gjekk konkurs tidlegare i år etter at tre fartøy under bygging vart kansellerte. Partane planlegg å etablere eit nytt selskap og starte opp att drifta innan slutten av september, ved gradvis å ta inn att tidlegare tilsette for å fullføre prosjekta som var i gang ved verftet og skape ny verksemd.

STORE MOGLEGHEITER
– Vi ser store moglegheiter ved å tre inn med majoriteten av aksjane i det nye selskapet, noko som vil tilføre Summa-konsernet karbonfiberkompetanse, i tillegg til den eksisterande kapasitet vi har innan aluminium og stål. Dette vil styrkje posisjonen vår i skipsbyggingsmarknaden og auke potensialet vårt for skipsbygging til forsvaret. Summa Defence eig frå før to verft i Finland og synergiane mellom Brødrene Aa og desse verfta vil vere viktige, seier konsernsjef i Summa Defence Plc, Jussi Holopainen.

SERIØS INDUSTRIELL INVESTOR
– Vi er glade for å ha funne ein seriøs industriell investor i Summa Defence. Summa Defence vil med dei andre verfta sine tilføre både kapital og kompetanse i den nye drifta og styrkje kapasiteten ved verftet i Hyen, seier Gustav Johan Nydal, representant for Brødrene Aa Eiendom.

Design- og ingeniørselskapet Paradis Nautica er òg ein del av oppkjøpet, noko som vil bidra til å styrke Summa-konsernet sine design- og utviklingsressursar ytterlegare.

Om Summa Defence

  • Summa Defence Plc er eit finsk forsvars- og tryggingsteknologikonsern som bidreg til industriell vekst og styrking av produksjonskapasitet i ei tid med geopolitisk uro.
  • Summa Defence har særleg fokus på teknologiar innan forsyningstryggleik, situasjonsforståing, mobilitet og forsvar.
  • Desse kjem både sivil-, tryggleik- og forsvarssektorane til gode, samstundes som det styrkjer totalforsvaret, forsyningstryggleiken og krisehandteringsevna.

 

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Relaterte artikler